mandag 6. januar 2014

Vask av helsetrøye

Har du helsetrøye og brukt den flittig? Er den ikkje like rein som du skulle ønske? Vekker du avsky blant gode folk når du spradar inn på Rema 1000 kun iført ullabber, stilongs, helsetrøye og varm hatt? Blir smilet til den søte jenta bak kassa om til ei kald grimase når du lemper på dei 17 ølboksane du skal drikke i dag? Viss ja, så les vidare. Viss nei, les vidare likevel. Det kan hende du kjem til denne perioda i livet ditt, og da treng du det som står her. Problemet er frustrerande og unødvendig, men det fins ei enkel løysing. Helsetrøya di er for rein. Følg følgande prosedyre for vask av helsetrøye for å gjenomrette di helsetrøye til den stand den er lagt for å vere. Kast fisken tilbake i havet.

 1: Finn alle helsetrøyene dine og legg dei i vaskemaskina.
 2: Trakt litt kaffe og lag kjøttkaker i brun saus.
 3: Drikk kaffen og spis kjøttkakene, men la gruten og sausen vere att.
 3: Åpne skuffen på vaskemaskina. Det er to avlukker du skal bruke. Eit for vaskemiddel og eit for skyllemiddel.
 4: Fyll vaskemiddel-avlukket med kaffegruten.
 5: Fyll skyllemiddel-avlukket med brun saus.
 6: Kast inn helsetrøyene inn i vaskemaskina, men pass på å gni dei inn med tyttebærsyltetøy der det trengs. 7: Sett på maskina på 50 grader og gå ut.
 8: Gå til nærmaste fiskehandel og kjøp en middels stor fisk. Det er ikkje så viktig at den er fersk, berre den er sleip og slapp og lukter fisk. Denne legg du i solsteiken til du kjem til punkt 10
 9: Når vaskemaskina er ferdig tek du ut vasken og legg den på strykebrettet. Lukt på dei og bedøm om du trenger noko. Sjølv liker eg å tømme litt øl frå gamle, åpne ølbokser på dei.
 10: Ta inn fisken og stryk trøyene godt med den. Er fisken blitt tørr i sola så smører du den inn med tran.

 Nå er helsetrøyene klare for bruk. Viss du ikkje blir kvalm av å sjå på dei er dei ikkje ekle nok, da må du gjenta punkt 10 til resultatet er tilfredsstillande. Eg hadde også tenkt å skrive noko om ein skjeggete ekkel fyr som blir forsøkt prakka på barbermaskiner kvar gong han kjøper støvsuger på elkjøp, men eg skal drikke øl og spele biljard nå.

torsdag 26. juli 2012

Venar på ferie


Syden? Er det noko stort sett alle gjev blaffen i, så er det bekjente sine sydenturar. Vi ser ikkje på oss sjølv som kyniske folk som vil at alle skal ha det vondt til dagleg, men når andre dreg til syden er det ingenting vi ønsker meir enn at det skal snø. Spesielt når vi sitt her i regn.

Kina? Bilete av deg på den kinesiske mur? Det drit vi i. Kan du ikkje ta bilete av deg sjølv på skuldrane til ein feit, naken kineser som står i eit risjorde med hundrevis av tomme ølflasker liggande strødd omkring? Hadde vi sett det biletet på facebook, ville vi likt det og kommentert "Kult bilde", for det er akkurat det det hadde vore. Det hadde vore eit jævla kult bilde. 

Himalaya. Uansett kor teit du er, så blir du kul av å besøke Himalaya. Viss ein dust kjem bort til meg og seier han har vore i Himalaya, vil eg vurdere å dope han ned og fange han i kjellaren min. Har du ein slik kar i kjellaren kan du gå ned dit og få servert lekre historiar om Himalaya kvar dag etter kveldsmat. Da søv du nok godt.

Sykkelferie. Herre min hatt! Er du sikker på at du ikkje er 50 år? Dette liker vi. Du kan bu i kjellaren min du og. Sykkel er kult. Viss det er i Himalaya du har vore på sykkeltur så skal vi gifte oss. Skal.

Båtferie med robåt. På havet. Over atlanteren. Eg vil stalke deg på alle sosiale medier som fins for å få mest mogleg innsikt i ferien din. Du er kulare en dei som dreg til Himalaya! Det er synd det ikkje går an å ro til Himalaya.

Luftballongferd frå Sel til Røros. Du er den raraste personen eg veit om. Kvifor Sel? Kvifor Røros? Eg trur ikkje du kan bu i kjellaren min, for du er klin kokos. Litt kul er du jo, da, så eg kan godt ta ein kaffe med deg.

Dresintur gjennom den transsibirske jernbane med medbrakt telt og primus som kun vart brukt til å varme brun lapskaus på boks. Toppen av tøft. Det kulaste av det kule. Du skal ikkje bo i kjellaren min. Du skal bo i senga mi. Det er ein så interessant ferie på så mange måtar at eg blir heilt satt ut. Eg elskar brun lapskaus på boks.

søndag 8. april 2012

12 tips til å bli ein interessant mann

1: Bli mann. Ei dame kan vere interessant og pirrande, men ho kan ikkje vere mann.
2: Skaff deg ullgenser og skjegg. Har du ikkje dette er du ikkje interessant. Eller jo. Men da må du spele i band eller ha bart. Helst skal du ha både vere bandmedlem og ha ullgenser.
3: Bosett deg enten i sogn og fjordane, Sunnmøre, Hordaland eller Lofoten. Så lenge det er bratt og farleg er det interessant nok. Her skal du klatre opp og stå på ski ned. Du veit du bur på eit godt sted om du har vore med på der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
4: Les bøker ingen har høyrd om. Etter skituren såklart. Og drikk kakao.
5: Bruk runde Harry Potter-briller! Kan du trylle er dette også eit pluss.
6: Lær deg å mestre eit instrument nesten ingen kan. Obo eller noko.
7: Skaff deg eit yrke som er på veg ut. Skomakar er det beste. Skomakar eller smed.
8: Røyk pipe. Dette seier seg sjølv.
9: Dyrk deg ein grønnsakshage og spis mykje.
10: Ha ein kjendis som onkel eller tante. Bestefar går og bra. Helst ein interessant kjendis. Roald Amundsen er kanskje det beste.
11: Ha minst eit dyr. Ikkje katt. Alle har katt. Sau, ørn eller løve er gode interessant å ha. Men pass på! Har du sau skal den ikkje bu i fjøset, men på soverommet ditt. Det fins allereie tusenvis som har sau i fjøset.
12: Ha ein sjark og fang fersk fisk til middag.


Konsekvensar:


Kvinner vil ha det og menn vil vere deg.
Norge Rundt ringer ofte.
Sjølv heterofile menn vil ha deg. Det kallas man crush.
Ullgenseren klør.
Lokale heltar vil prøve å banke deg fordi alle jentene er forelska i deg.
Når du er på ferie så kjem du til å døy, fordi interessante menn dreg til interessante og farlege reisemål. Svømmetur i Amazonas eller gorillabryting i Afrika. Det er risky. Men nå er det jo strengt tatt derfor du er ein interessant mann
Folk skriv bøker om deg.


Ekstra-tips


Sjå på NRK 2.
Høyr på NRK P2.
Bad i havet kvar einaste dag!
Ta med folk på fisketur.
Ri på hest.
Ha hytte i Oslo.
Drikk kremfløyte rett frå kartongen.
Et flatbrød med ekte meierismør til kveldsmat.
Engasjer deg i lokalpolitikken.
Tilby å bere folk heim frå butikken.
Skriv nynorsk. Eller fransk.

torsdag 23. februar 2012

Gje Einar ein pils før sofaen tek han!

Sofaen prøver å sluke han heil. Einar synk ned i sofagapet og tenker desperat på livet sitt. Han er for ung til å døy. Han må vekk. Ut. Ut på butikken og kjøpe seg noko digg. Det er ikkje langt. Han kan klare det, for han er i sitt livs beste alder. Frisk og rask. I stand til å gå på butikken og kjøpe øl. Penger har han og.
Med ein kraftanstrengelse spenner han sine kraftige lår og skyt opp av sofaen, tek på seg jakke og sko og stormar ut døra med ein sjølvsikker og unølande gange.

Trappeoppgangen. Einar gløtter opp i taket og ser eit hol som ikkje var der i dag tidleg. Vatn renn ut av holet, og i trappa står det ei vaskebøtte og tek imot slagget som renn frå taket. Bøtta står der som ein avgrunn full av sorp og snerk og fyller Einar med skrekk og avsky. Han må vekk frå denne bøttedemonen, og det med det same. Ein kan jo drukne. Einar er som sagt for ung til å døy. Han kjempar seg forbi snerkhelvetet og ut døra der fleire farar ventar.

3 Etasjar over inngangsdøra ligg det eit fjell av snø og is. Livsfarlege og sylskarpe isbitar stikk ut av dette groteske berget og truar alle som går i nærleiken av døra. Når som helst vil denne livsfarlege fella gje etter og knuse nokon stakkarar som er så uheldige å befinne seg under. Einar er redd dette kjem til å bli han. Det er typisk Einar å bli tatt av takras.

For å kome til butikken må han fyrst kome seg til fortauet, og mellom han og fortauet er det eit enormt uhyre av ein snøskavl. Den er glatt og bratt og fryktinngytande. Einar skjelv i buksa berre av tanken. Like framfor han driv ein knøttliten kineser og klatrar over denne dødsknausen med arrogant eleganse. Den jævelen, tenker Einar. Han er sikkert Sherpa, og. Einar følg etter i fotspora til kinesaren. Han er garantert sherpa. Ingen ved sine fulle fem ville vera i stand til å finne ei så god rute over skavlen som denne karen. Einar er litt misunneleg.

Fjellferda gjekk bra. Einar står trygt og støtt på fortauet og er klar til å byrje reisa ned til butikken. Han byrjar med å sette fram den eine foten, så den andre. Slik fortsett han, og han kjem seg fram på ein energibesparande og genial måte. Einar syns at mannen som fant opp gåinga burde få ei pris. Eller ivertfall litt oppmerksomheit.

Butikken. Einar står med to pils i handa og er klar for å gå bort til kassa for å lire av seg pengane sine. Auda. Digg dame bak kassa. Det er torsdag. Ingen kjøper to pils og berre det på ein torsdag. Kassadama vil jo tru han er koko. Han tek med seg ein boks creme fraiche. Alle kokkar med respekt for seg sjølv bruker creme fraiche i matlaginga, og i tillegg har Einar ein teori om at damer digger creme fraiche.

Dama bak kassa piper inn pilsen og creme fraichen og Einar ser at han gjorde lurt i å ta med meieriproduktet. Dama lyser ut i forventning når ho spør om han vil ha pose, og han kan sjå skuffelsen i auga hennar da han takka nei. Tabbe. Faen at han alltid skulle framstille seg sjølv som ein hardraus. Ein som ikkje treng pose. Han burde takka ja. Det er for seint no. På tide og pelle seg heim. Han er tørst.

Turen heim går knirkefritt. Snøskavlen er ikkje noko sak for Einar, for han har jo gått der før. Han fekk jo tross alt den beste passasjeruta av ein sherpa. Takraset er fortsatt på taket. Einar tek sjansen på at det ikkje vil dette akkurat no, så han marsjerar bort til døra og går inn. Det gjekk bra. Holet i taket står enda og drypp snerk ned i vaskebøtta, men Einar greier å fokusere på andre ting, slik at han kjem seg forbi.

Han er heime. No kan sofaen berre sluke han. Det går bra. Han har jo to pils.

Dagen Petter slutta å leike med tog.

No er eg dritt lei deg, Petter. Eg er lei deg og det teite toget ditt! , roper Martin og sparkar til leiketoget til petter slik at det sporer av. Han er raud i fjeset og så sint at han ikkje bryr seg om leiketoget til Petter er i rute. Han gjev blaffen i om det vil føre til store forsinkelsar i fantasitogverda til Petter, så han sparkar det enda ein gong. Det blir øydelagt, men Martin er ikkje fornøgd. Han hoppar og trampar på toget til petter for så å løfte det opp og kaste det på Petter som står og ser på med ei tåre i augekroken.

onsdag 22. februar 2012

Ein må passe seg for sjokolade. Ein kan jo få sukkersjuka.

I går var han ute. Han hadde flaks. Han fekk seg sjokolade. Det var mykje å velge i. Mykje sjokolade som han viste han aldri kunne få. For bra sjokolade for ein simpel gut som han.

Men han hadde funne seg ein sjokolade. Ein riktig god sjokolade. Han reiv av papiret i ein fei og slikka den i seg. Han kjente smaken i munnen enda. Han oste av sjokolade. Til og med senga hadde ei svak lukt av sjokolade i seg. På tide med ein tur på badet. Det er sjokolade i ansiktet. Ansiktet må vaskast godt.

Hukommelsen, derimot, var ikkje så bra. Han hugsa ikkje mykje av sjokoladen han åt. Kva var navnet? Var det Stratos kanskje? Javisst var det stratos! Mykje meir enn det hugsa han ikkje. Spriten han drakk i går hadde vaska vekk det meste.

Sjokolade hadde han smakt før. Forskjellige smakar. Mykje å velge i. Det er ikkje lett å finne ut kva ein skal slå seg til ro med, sidan han alltid har ein mistanke i baktankane om at det fins enda bedre sjokolade der ute. Kvar gong han får ny sjokolade blir han enda meir i tvil.

Han var full av tvil. Var stratos sjokoladen for han? I månadsvis hadde han gått rundt og lengta etter firkløver. Firkløver virka no som ein fjern draum. I går kveld da han åt stratos tenkte han litt på firkløver. Vurderte dei opp mot kvarandre. Ikkje var han sikker. Det var ikkje ein gong sikkert om han kunne få meir stratos.

Nokre veker har gått. Stratos høyrer no fortida til. Han har kome over stratos. No er han nullstilt. Han er heilt åpen i jakt på ny sjokolade. Nesten heilt åpen. Han har enda lyst på firkløver.

fredag 4. november 2011

Friskt

Magne er så allergisk mot gluten at når han går forbi brødhylla i butikken,
legg han seg ned i fosterstilling mens brødet sug livsskiten ut av han
og dør

søndag 2. oktober 2011

BJARNE HÅKON HANSEN

Ja. Ja. Ja! Ja! Ja! JAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA!
Eirik er smørblid. Skikkeleg godt humør er det han er i. Så lett til sinns er han at det føles ut som han kan fly. Alt går rette vegen. Typisk Eirik. Blid. Den jævelen!

Grunnen til at Eirik er blid er at livet hans går rette vegen. Ikkje bakover, nedover eller noko slikt, men opp og fram. Er det noko stort som har skjedd livet hans? Ifølge han, ja. Ifølge folk som Bjarne Håkon Hansen, nei. Det skal til noko av ein annan dimensjon for å få Bjarne Håkon Hansen imponert. Men drit no i Bjarne Håkon Hansen! Ingen ved sine fulle fem bryr seg om kva Bjarne Håkon Hansen trur om livet til Eirik! Det er Eirik sjøl som bryr seg om livet til Eirik. Og oss da. Vi er jo faktisk flue på veggen i hans liv for tida.

Ærleg talt! Bjarne Håkon Hansen er så langt frå relevant i den historia her som det går an å kome!

Det heile byrja for ei veke sida. Eirik såg ei skikkeleg fin dame i kantina på jobben og vart heilt ubrukeleg forelska. Han leita ho opp på facebook og fann ho, men ho hadde stengt profil. Nedtur for Eirik! Eirik vart deppa! Men han lot ikkje den enorme katastrofa ta overhånd over livet sitt, så han tok eit par-tre øl og manna seg skikkeleg opp. Sakte og nølande gjekk han bort til laptopen og vidare så langt inn på profilen til drømmedama han kunne kome. Han trykte på POKE og sprang vekk frå pc-en i panikk.

Dagane etter var Eirik livredd og kunne ikkje dra på jobb. Han låg i fosterstilling ei veke i strekk bak laptopen og var redd for å sjekke om det var svar. Han var så nervøs at han sleit sjølv med dei enklaste ting. Det var berre såvidt han overlevde. Hadde han ikkje hatt så mykje mat i huset ville han nok krepert, for å gå ut av huset og på butikken var han ikkje i stand til.

Etter ei veke med så og si kronisk oppkast og kvalme og lammande nervøsitet greide han å sjekke facebook atter ein gong. Ja. Ja. Ja! Ja! Ja! JAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA! Drømmedama hadde dulta attende! Livet smilte til Eirik! Eirik the hunk! Med eit sjølvsikkert glid om hunkemunnen til Eirik trykka han roleg og beherska på POKE BACK.

søndag 13. mars 2011

Kvar Dag, onkel Joakim! Kvar dag!

Det er ettermiddag i den moderne og meget stilige leiligheita til Joakim. Året vi befinn oss i treng du ikkje å bekymre deg over, men ein ting må du vite; vi befinn oss såpass langt inn i framtida at Oslo ikkje lenger er Noregs største by. Faktisk befinn vi oss så langt inn i framtida at Oslo er ei lita grisgrent bygd med omlag  800-900 innbyggarar. Så aude at det berre går buss 3-4 gonger om dagen. Det er faktisk så langt vekk at folk må reise 5 mil berre for å drikke seg full offentleg. Det er så lite tilbud til folk som vil drikke at når puben er open seier ungdommen at det skjer noko. Men dette treng ikkje du å bry deg om, for leiligheita til Joakim ligg jo ikkje i Oslo, men i den store supermetropolen Lesja.

Lesja er Noregs største by med i overkant av fleire hundre tusen innbyggarar. Den strekker seg frå Dombås i aust til Romsdalen i vest og har i motsetning til Oslo eit utmerka kollektivtilbud. Her går det T-bane og trikk både austover og vestover, opp og ned og hit og dit. Midtpunktet i denne byen, eller downtown som dei engelske investorane kallar det, er Lesjaskog, der draumar blir til. Det lokale bypakket har oversatt det engelske ordet og kallar det nidi-grende sjølv om det strengt tatt ikkje heiter det. Det er berre eit kallenamn, men likevel er det stort utbredt.

Denne byen styres av lokføraren i dette toget av ein by, piloten i dette flyet av ein by, kapteinen av dette skipet av ein by. Ein stor mann som best kan forklarast som kongen i dette landet av ein by, diktatoren av dette demokratifientlege landet av ein by, hjertet og hjerna av denne kroppen av eit by og ljoskrysset i dette vegnettet av ein by. Med andre ord er dette ein mann som styrer byen, og denne mannen heiter Kvar Dag Hole og er ein respektert mann. Han er stor i kroppen, vis i hovudetet og han har mot i brystet, vett i panna og stål i både bein og armar. Kvar dag styrer Kvar Dag byen med jernhand slik at den held seg på rett kurs. For forklare betre bruker eg meir bilder: det er Kvar Dag som kvar dag køyrer denne bussen av ein by. Han trakkar på pedalane, svingar på rattet og kjeftar på ungane som bråkar i baksetet. Han slepp på og av folk på haldeplassane og han passar på å ikkje køyre for fort, da spesielt i 60-sona der det ofte er fotoboksar. Med andre ord styrer Kvar Dag byen omlag ein gong per dag, men heller ikkje dette har nokon som helst betydning for historia, som forøvrig handlar om Joakim og ikkje Kvar Dag. (Ok, da.Så handlar det litt om Kvar Dag, men dette er ein spoiler og bør helst ikkje lesast. Ligg unda denne parantesen.)

Joakim sitt i kåken sin og ser på kveldsnytt på fjernsynet sitt. Kveldsnytt handlar som vanleg om det nye som har skjedd i verda, og akkurat i kveld er hovudsaka at forskarane har funne intelligent liv på Mars og at dette livet kjem til å invadere jorda og drepe alt liv, men dette er sjølvsagt ikkje relevant for oss. Joakim bryr seg ikkje noko særleg om utenrikspolitikk, derfor skrur han av fjernsynet, dreg fram den nye boka til Karl Tore Knausgård, Min Kant, del fjorten. Ei sløydbok om kantutforming på skjærfjøler, og slappar av. Stillheita som følger blir brote av eit øredøvande brak som kjem av at ein meteor treff jorda i stor fart, ikkje langt unda Lesja. Joakim bryr seg ikkje om korkje geologi eller astronomi, så han gjev blaffen i meteoren, for i følge Joakim er den kjedeleg, og dessutan er den urelevant for oss lesarar. 

Det kjem enda ein lyd. Ding-dong, ding-dong, ding-dong. Joakim veit kvar det er. Det er nokon som vil inn. Vekk med Knausgård, opp frå stolen, over golvet og opp med døra. Utanfor står ein av få ting Joakim bryr seg om, nemleg sin brors dotter. Lise er navnet og onkel Joakim er onkelen til Lise.  
Neimen er det deg? Brummar Joakim mildt som ein koseleg bjørneonkel. 
Han gjev henne ein skikkeleg bamseklem før ho greier å si at ja, det er eg. Joakim er ein onkel av det skikkelege slaget. Han bryr seg om sine søskens barn og ser helst at dei har det bra.  
Kom inn og få ein kopp kakao!, brummar han ein gong til på den same koselege bjørneonkel-måten. Ho kjem inn og han tek att døra etter ho. Kakaoen har han klar og ho får eit kjempestort krus med kakao. Lise er berre 7 år og kruser er av typen «krus for ein skikkeleg kar» og rommar 6 DL og det er fult av kakao. Det er ikkje sikkert ho greier å drikke opp alt.

Lise og Joakim er begge enige i at utenrikspolitikk, geologi og astronomi er teite greier, så dei sit rundt det koselege kjøkenbordet og drikk kakao og pratar om ting som verkeleg interesserer begge, nemleg innenrikspolitikk. Dei snakkar om Kvar Dag Hole og korleis han styrer byen kvar dag, ein gong per dag. Dei snakkar om korleis han er levebrødet i dette mennesket av ein by, korleis han er bakaren til dette brødet av ein by og korleis han feiar denne pipa av ein by. Kvar Dag er forresten broren til Joakim og faren til Lise, og kvar dag pratar han om lokalpolitikk til Lise og derfor er ho interessert i lokalpolitikk. Det ligg i Hole-slekta å vera interessert i lokalpolitikk. Mor til Joakim og Kvar Dag bar navnet Annkvar Dagni Hole og faren hadde og eit navn som inneheldt både kvar og dag. Dette er urelevant.

Lise, kva skal du bli når du blir stor? Spør Joakim som onkel-måten.

Eg skal bli eggstokkane til denne kvinna av ein by. Eg skal bli barten til denne trønderen av ein by. Eg skal bli musklane i denne austerriske kroppsbyggaren som vart stor i Hollywood og guvernør i California av ein by og om denne byen var eit norsk skriftspråk bygd på dialektane rundt om kring i landet, skulle eg bli mann og skifte namn til Ivar Aasen!

Joakim vart stolt av det gode svaret og sa så: Kven er din far og kor ofte skal du styre Lesja?

Kvar Dag, onkel Joakim. Kvar dag!

onsdag 2. februar 2011

Mordboka

Vi har alle ting vi lurar på om mord og myrding og slike ting. Korleis føles det å drepe nokon, korleis skal ein kome seg unda, og når heiter det myrd eller mord, mordar eller myrdar, myrding eller mording?

Folk som er mordarar har som regel god greie på dette og er veldig stø på grammatikken som har ved myrding å gjere, men kvar lærer dei slikt? Svaret er ganske enkelt.  Det står i mordboka, denne boka som alle mordarar har og bruker flittigt kvar gong dei myrder. Mordboka inneheld alt som har med myrding å gjere. Alt frå metodar til grammatikk. Den er med andre ord som ein bibel for folk som likar drap.

No tenkjer du “stop ein halv! Dette kvar får dei tak i denne boka? Den kan umogleg vere lovleg, sidan mord er ulovleg!”, og det er heilt vanleg blant folk som ikkje har peiling på mord. Svaret er ganske enkelt. Du kan kjøpe mordbok nesten overalt viss du veit korleis. Mordboka er nemleg kamuflert som ei anna bok, nemleg synonymordboka. Ser du enda ikkje kamuflasjen kan eg hjelpe deg enda lengre. SynonyMORDBOK.

Ingen som kjøper synonymordbok kjøper den for å løyse kryssord eller imponere sine venar med stor kunnskap om synonym. Nei, synonym er berre eit tullebegrep funne opp for å hjelpe mordarar med å myrde. Folk som har synonymord bok i heimen er enten mordarar eller nesten-mordarar. Nesten mordarar er folk som har synonymordbok og leikar med tanken om mord, men har ikkje enda myrda. Men berre vent. Alle nesten-mordarar vil kome til å myrde ein gong i framtida, så viss du er på besøk hjå ein person og du ser mordboka i bokhylla kan du si med sikkerheit at denne personen kjem til å myrde.

Men kva skal eg med denne informasjonen?, tenkjer du no. La meg forklare med eit scenario. Du har lånt den nye, dyre bilen til kameraten din, Kjell,  køyrd fort og vraka han. Du har på forhånd vore hjå Kjell og sett at han har mordboka i bokhylla si, så du veit at han er enten ein mordar eller ein nesten-mordar. Du ringer Kjell og seier at du har krasja bilen hans, og at de aldri meir kan sjå kvarandre. Kjell vil drepe deg, men sidan du veit at han er ein mordar på forhånd får du eit forsprang, slik at du kan bytte adresse og namn og redde livet ditt. Takket vere meg har eg redda deg frå eventuelle mord du i framtida kan kome til å havne opp i!

tirsdag 25. januar 2011

Pølser og andre ting som er mykje farlegare enn pølser.

Rune står og fører ei samtale med ei dame. Mellom dei er det eit bord som begge veit utmerka godt at kalles disk. Dama står bak disken og jobbar medan Rune står framfor disken og skal til å bestille noko godt å bite i. Rune er på kafé og dama er servitrise, og derfor forventar Rune at han skal få spise akkurat det han vil.

Nokre pølser ligg på grillen og gjer pølseting som å halde seg varme, halde seg smakfulle og halde seg lange og passe tjukke. Rune peiker på ei pølse og seier at han gjerne vil ha ei pølse. Gje meg ei pølse, seier han. Dama bak disken beklagar og seier at dei ikkje har pølser. Her serverar vi ikkje pølse.

Rune gjev seg ikkje. Han ser pølsa ligge på grillen og han peikar mens han seier bestemt: “Enten er eg svaksynt  eller så er det der rykande ferske pølser som eg kan kjøpe.” Han stirrer på dama med eit svoltent blikk og legg til: Eg vil gjerne ha pølse.

Dama bak disken ser seg omkring og seier at han har rett i at det fins pølser på grillen, men påpeiker at dei er alle selde.  Ho seier og at det er stengetid og han må ut med det same, men Rune har har skikkeleg lyst på pølse. Han spør dama på nytt pent om å få ei pølse og føyer til at alle pølsene kan jo ikkje vera selde når dei ligg der på disken klare for servering. Han skal til å si at han krever å få pølse, men akkurat da kjem ein meget luguber mann med skjegg og turban ut frå bakrommet. I hendene har han ei vekkerklokke og i den andre har handa full av pølser. Den lugubre mannen får auge på Rune og kvekk til. Han ropar og kjeftar på servitrisa på arabisk mens han hyttar med neven.

Her er det noko muffens, seier Rune bestemt og tek fram mobiltelefonen sin. Servitrisa reagerer lynkjapt, peikar på fatet med muffins og seier at han kan få alle. Gratis. Ho skrattar nervøst og seier at her har vi nok av muffins, men Rune er ikkje ute etter muffins, han er ute etter noko muffens. Dama bak disken og den lugubre skjeggete arabaren med kjortel, turban og skjegg veit ikkje er at Rune er politikonstabel, og som konstablar flest er Rune ute etter å fakke skurkar. Sidan skurkar flest driv med noko muffens spør Rune om dei driv med noko muffens.

Svetteperlene renn ned panna på servitrisa når ho forteljer om korleis dei bakar muffins her i kaféen. Den lugubre skjegg-araberen listar seg roleg inn på bakrommet, medan Rune står og ristar på hovuded og klaskar seg i panna med håndflata. Han ber turbanmannen om å kome fram, for han mistenkar at det er ikkje pølsar som ligg på grillen, men bomber forkledd som pølser.  Det er pølsebomber. Gi meg ei slik pølse og det på sekundet!, ropar han og trekk fram politiskiltet sitt.

Han får ei pølse og undersøker den nermare. “Det er berre vanleg, norsk røkt kjøttpølse frå Leif Vidar! Eg svergar!” Rune ignorerar ho og luktar på pølsa. Det luktar pølse. Han tek ein bit og undersøker smaken nøye i munnen sin. Dette er ikkje norske pølser. Da må dei vere arabiske! Eit arabisk pølserøykeri på norsk jord!

“Sludder og pølsevev! Desse er ikkje meir norske enn spanske appelsinar, og er det ein ting spanske appelsinar ikkje er, så er det norske”.  Pølsesvindel er eit meget alvorleg lovbrudd, så han gjer ein kjapp beslutning. Skurkane må døy og det med det same. Han trekk fram pistolen og skyt begge to, så tek han fram matboksen og legg dei andre pølsene i den.

Bevismateriale, seier han og gliser og sleiker seg rundt munnen. Du kan si kva du vil, men arabiske pølser er svingode. Gode nok til å gjere sjølv den mest rutinerte politikonstabel korrupt. Uheldigvis for Rune veit han ikkje at halvparten av pølsene er pølsebomber, så når han noko seinare tok ein bit av feil pølse, var det ikkje på grunn av chili-ketchupen han blei sprengt. Nei, det var av alt sprengstoffet.

tirsdag 18. januar 2011

Einar skal faen ikkje ta taxi

Ein kar er ute og går. Han har på ein stjukk stilongs av ull og solide vintersko som tåler isbjørnbitt og alt anna som ein kan rekne med å havne i når ein er ute og går om vinteren. Desse vinterskoa styrker maskuliniteten til karen og han forsterkar den enda meir ved å trampe hardt. Karen heiter Einar og går med sko.

Han tramper som sagt for å virke ekstra barsk, for det er nettopp det han er. Einar er veldig barsk når han går med barske sko, så når noko spurte han om han ville bli med å dele taxi heim frå fest var svaret:

NEI! Eg skal for faen ikkje ta taxi! Det er dyrt og så er det sunt å gå. Dessutan er ikkje folk som tek taxi så barske som går og i ein taxi er det så mørkt at ingen ser skoa dine. Hadde eg satt meg inn i ein taxi hadde eg gjort narr av mine barske sko. Over mitt lik! Eg går!

Naturleg vis var dette eit lengre svar enn han som spurte spørsmålet venta, så han blei paff. Paff som faen, som Einar sa da han skraut av det heile dagen etter.

Eg gjekk ei heil mil heim i går i dei nye skora mine, og eg er ikkje fyllesjuk i det heile tatt! , kunne ein høyre langt, langt unda rommet der Einar satt og skraut til kameratane sine. Han fortalde om kor vellykka festen var. Han nevnte mange gonger kor mykje øl han hadde drukke og at han gjekk heim tørrskodd. Eg skal faen ikkje ha på meg at eg drikk lite på fest!

Noko seinare fortsatte han det umåtelege skrytet. Han hadde vore i slåsskamp og dengt 6 karar samtidig, og dei hadde alle kniv, men han sparka dei med skoane sine. Etterpå hadde han sex med damene deira, samtidig sjølvsagt, og så gjekk han heim. Sjølv om det var kaldt vart han ikkje kald, for han hadde stilongs.

Ja, Einar var god til å fortelje historiar. Kameratane hans gjekk rundt og trudde at han hadde drukke 4 kasser øl, jula opp 10 folk og hatt 11-kant med alle damene deira etterpå. Etter dette gjekk han heim i regn, storm og førti minus, og for å toppe det heile gjekk han tørrskodd heim samtidig som han haldt varmen med ullstilongs. Det kjem ikkje som ein overraskelse på dykk lesarar at svaret hans når kameraten hans spurte om dei skulle sitte ved kvarandre på bussen var: EG SKAL FOR FAEN IKKJE TA BUSS!



 

torsdag 23. desember 2010

Julenissen

Det at julenissen har eit rykte på seg for å vere ein likandes kar hjelp han ikkje nå. Han sitt i eit avhørsrom med handjern og på den andre sida av bordet sitt det ein politikonstabel med bart, og han er ikkje blid.
-Det står her i rapporten at du drakk deg full og sovna på eit reinsdyr. Stemmer dette?

Det stemte. Ingen kunne nekte for at julenissen var hard på flaska. Eg trudde det var rudolf, konstabel.
No skal det nevnast at dette ikkje var Rudolf, men det prisbelønte reinsdyret til politisjef Utgård og han er ikkje blid. Dette reinsdyret var verdt millionar, ja om ikkje milliardar! Det er øydelagt! Reinsdyret overlevde ikkje.

Eg skal ikkje nekte for at eg oppførte meg barnsleg i går, men eg har fått ein lærepenge og skal ikkje gjere slikt i framtida! Nissen hugsa ikkje mykje, så han trudde dette var alt han hadde gjort. Lite viste han om at han risikerte 21 års fengsel.

-Etter å ha stole reinsdyret til politisjef Utgård prøvde du å fylle bensin på det. Vi har fotobevis frå statoi at du dynka reinsdyret i bensin, og denne betalte du heller ikkje for! Kva har du å si til ditt forsvar?
-Eg var full. Dette er jo det folk flest gjer når dei er fulle. Dei gjer ting som dei angrar på i ettertid, og da er det kanskje like greitt at eg ikkje hugsar noko som helst.

-Det kan stemme, men det er ikkje vanleg å stele politisjefens prisbelønnte reinsdyr og dynke det i stole bensin. Då hugsar du kanskje heller ikkje at du reid den bensindynka reinsdyret inn på skeidar og tente ein sigarett? Ikkje det? Det gjorde du. Og det som skjer når ein tenner ein sigarett på eit bensindynka reinsdyr er at reinsdyret tek fyr.

Endeleg skjønte julenissen kvifor den raude nissebuksa var så svidd og rar. Jo, konstabel, det høyres logisk ut det.

-Og kva skjer med eit brennande reinsdyr i ei møbelforretning? Det tek heilt av og brenn ned! Det er din skyld at folk no må gå til nabobyen for å kjøpe møbler! Og dette er ikkje alt!
Nissen byrjar å planlegge nyttårsforsettane til neste år. Han skal slutte å drikke! Aldri har han lagt så mykje kvalm som nå, og den konstabelen byrjar å bli raud i ansiktet, så dette er nok ikkje alt han har gjort. Barten som hang så fint som greiner frå eit snøtungt grantre står nå til alle kantar og minnar om ein kaktus. Ein kaktus festa til ei raud tikkande bombe og når som helst eksploderer det og kaktuspiggar flyg ut i rommet.

Konstabelen eksploderer, men heldigvis for nissen er det spytt og ikkje kaktuspiggar som dusjar han ned.
-SOM SAGT! DETTE ER IKKJE ALT DU GJORDE! Dum som du er prøvde du å slokke brannen med det du trudde var ein vasslange. Dette var politimester Utgårds premiebelønnte boaslange som du kasta i flammeinfernoet! Levande slangar tålar ikkje brann, og det gjer heller ikkje reinsdyr. Du drap begge kjæledeggane til politimester Utgård!

-Eg må ha vore skikkeleg full, sa Julenissen og gremte seg i skjegget. Han skamma seg skikkeleg no.
Det stemmer! Og det som skjer når ein er skikkeleg full er at ein gjer enda dummare ting. Julenissen, du kasta opp på politimester Utgårds kone! Denne fint kledde og meget respektable dama vart dynka i oppkast og skvatt til. Ho snubla i den lange minkpelskåpa og datt. Ho skada seg alvorleg, og også dette er din skyld!
Det kunne no ikkje bli verre for han, trudde julenissen. Han tok feil.

Julenisse. Etter å ha ødelagt både den dyre minkpelskåpa og hoftene til fru Utgård reiste du heim til Utgård sjølv og sovna i senga til dottera hans. Du utnytta at dottera hans var lett på tråden og hadde samkved med henne, ikkje at dette er ulovleg, men det er til stor misnøye for politimester Utgård at du har drept dyrane hans, kasta opp på kona hans og gjort dottera hans gravid, men dette er ikkje grunnen til at du er her. Alle kan gjere feil, så dette er berre ein filleting.

Nissen er letta. Hurra, tenkjer han og reiser seg. Ja, eg har fått min lærepenge. Kan eg gå no?
Kven sa at dette var alt du gjorde? Veit du kva slags dag det er i dag? Sjølvsagt ikkje. La meg opplyse deg om kvifor du er her. Lille juleaften var du som sagt på kvinnfolkbesøk og der sovna du. Du sov i over eit døgn og i dag er det fyste juledag.

ER DU KLAR OVER KOR MANGE SOM IKKJE HAR FÅTT JULEGÅVER?

Spyttdusjen gjorde nissen så våt at han måtte vri skjegget for å ikkje bukke under frå den voldsomme tyngda konstabalens spytt tilførte det, men dette var ikkje det han tenkte på. Ein arbeidsdag hadde han i året, og denne arbeidsdagen var meget viktig for alle på heile jorda, og akkurat denne dagen hadde han sove seg gjennom.

Politikonstabelen reiste seg opp og sa roleg: Du, min gode mann, er eit avskum. Du vil tilbringe resten av livet ditt med ein diett på utelukkande surt vatn og tørt brød i kasjotten. Lås han inne!

onsdag 1. desember 2010

Forvent ikkje sjokolade når du spør etter S&M

Sigurd er stor og sterk og flink til å gje folk juling, men det hjelp han lite nå. Han er fastbunden med håndjern med rosa plysj og ei smukk berte spradar rundt og truer med å piske han. Begge to er veldig lettkledde og kleda deira er av svart latex. Den trange typen.

Korleis havna han i denne knipa? Kva har han gjort for å fortjene slik tortur? For å forklare dette må vi sjå på Sigurd. Sigurd er glad i godteri og favoritten er peanøtt dekt med sjokolade og farga med fargesprakande måling. M&M kallar eskpertane det.

Det heile byrja ein dagen Sigurd skulle til butikken for å kjøpe nokre M&M. Han gjekk i den delen av byen han sjeldan gjekk, og da han gjekk forbi skiltet “S&M-klubben til høgre” kunne han ikkje dy seg. S&M må vere ein slags M&M berre at den er super! (Derav S’en)

Han tok til høgre og fann ein leddkledd resepsjonist med eit forførersk blikk. Vil herren ha S&M? var spørsmålet og Er det betre enn M&M? var svaret. Han vart fortalt at det var betre enn M&M men at det kunne vere noko skadeleg for kroppen. Sigurd tenkte at alt godteri er usundt, så dette måtte prøvast.
Gje meg den beste S&M’en de har!
Er du sikker? Den er ganske røff.
Sikker er mellomnavnet. Ta meg til godsakane!

Det var ikkje før dei låste han fast på strekkbenken Sigurd byrja å ane uråd. Kva går dette ut på? Han fekk beskjed om å stappe den store raude kula inn i munnen. Ah, heldigvis! Det var M&M, berre større! Han tok feil. Den store raude kula var av plastik og den smakte ikkje sjokolade. Han prøvde å spytte den ut, men den var festa med lærstroppar rundt hovudet hans. Dei tok så av kledane hans og introduserte han til den onde djevelberta, Beatrix.

SMAKK! Sa pisken og Beatrix sa at dei skulle nok ha det morosamt. MMHMMMHM, sa Sigurd. Smakk, smakk, smakk!

onsdag 24. november 2010

Mjølk

Det som skil Kim frå andre nordmenn er at Kim ikkje er eit menneske. Kim er ein mjølkekartong. Han står no i kjøleskapet på butikken saman med dei andre lettmjølkskartongane og venter på å bli kjøpt. Venter på å døy.

Draumen var å finne ein kartong med skummamjølk, slå til ro i eit kjøleskåp og surne saman. Draumen er nå ganske fjern, sidan når som helst kjem det nokon og kjøper han og drikk han opp. Oppdrikking er ein sikker daud. Mjølk kan ikkje overleve i magesekken, for det er det ein surt.

Kim roper etter hjelp, men ingen reagerer. Ingen bryr seg om lettmjølk. Folk flest ser helst at lettmjølka blir drukke, merkeleg nok. Kim er på den øverste pallen, ganske langt ut mot glasdøra til kjølerommet, og han veit at han er neste. Neste mjølketyrste person som er på utkikk etter ein solid tørsteslokkar kjem til å velge Kim. Ta han med heim og sette han i kjøleskåpet og drikke han sakte. Tanken gjer Kim svimmel.

Da Kim var ny, ung mjølk prøvde han å bli yogurth, men dei ville ikkje ha han. Denne karen skal pasteuriserast og homogeniserast! Han skal bli lettmjølk!,  Var det heilmjølka sa då han var på audition til yogurth. Avslaget knuste Kim. Han har vore lettmjølk sidan den dagen.

Dei tøffe heilmjølkskartongane gjorde barndomslivet hans til eit helvete. Dei erta han og skraut av at dei var gode i gym, dei sykla utan hjelm og dei skraut kvar dag over kor seint oppe dei var dagen før. Heilmjølk er ikkje til å spøke med. Eit betre ord for å beskrive heilmjølk er douche.

Døra går opp og eit par klamme pølsefingre grip rundt Kim. Plukkar han opp med sterke hender og kastar han ned i handekorga. Ein dreven handelsbetjent køyrer i gang rullebåndet, plukkar han opp og bombarderar han med laser. PIP! 12,90, takk. Pose? Nei takk. Kvittering? Ja takk.

Av dei same klamme pølsefingrane blir han satt i eit kjøleskåp og stengt inne. Smellet av døra gjorde det heilt mørkt i kjøleskåpet. Kim er redd. Han kjenner ingen her. Han burde prøve å bli kjent med osten. Dei er jo i slekt.

Men kva er dette? Er det ein smek kartong med skummamjølk som står i hjørnet og er einsam? Ja, det er det. Kim rusler bort til kartongen og presenterer seg. Dei kjem godt overens.

Personen med dei klamme pølsefingrane sitt i sofaen og ser på dagsreven. Han merkar at det hadde vore godt med eit glas mjølk, så han reiser seg opp og byrjar å gå mot kjøleskåpet. Usunnt kosthold, røyking og drikking gjennom eit langt liv gjer slik at kroppen seier stopp og sett i gang eit hjerteinfarkt. Han dett ned på golvet med eit smell og døyr. Dette smellet høyres heilt inn i kjøleskåpet, så blir det stille. Matvarene i kjøleskåpet står heilt i ro og ventar på teikn til liv, med ingenting kjem. Han er daud. Ellevill jubel.

lørdag 20. november 2010

Ein respektert mann og bror hans

Glasbordet i stoga er knust og nokre gamle grandiosabitar ligg utover golvet. Pappeska som følgte med pizzaen ligg i sofaen som er metta med søl. Den var raud opprinneleg, men nå er den brun. Oppkast, øl og pizza har impregnert den til det motbydelige. På golvet ligg ein ustelt mann og søv med spritflaska i armane. Korka er ikkje på, så mykje av innholdet har rent ut på golvet og ligg der saman med pizzabitar og ølboksar og kosar seg.

Mannen har oppkast over heile seg, buse i nasen og dårlige tenner. Han har sår etter sprøyter her og der og dessutan mange stygge tatoveringar som sjølv ikkje han syns er fine. Den eine er plassert på nasen og liknar litt på eit troll, men den vart ikkje noko særleg vellykka, for det var mannen sjølv som tatoverte den på seg i speilet, og han full når han gjorde det. Midt i tatoveringsetappa si mista han konsentrasjonen, glapp nåla og tatoverte ein svart strek over kjaken, så det er ikkje tvil om at denne mannen er stygg. Som om ikkje det var nok så er han feit og luktar grusomt.

På kjøkenet sitt det ein kjernekar og et grove brødskiver med ost og paprika. Han drikk heilmjølk og skal snart på jobb. Han er hjernekirurg og kjernekar, og han er aldri i stoga så han veit ikkje korleis det går der inne. Sjølv er han nyvaska, nybarbert og utkvilt. Veltrent er han og.

Nå har han gjort unda tannpussen og. Han er verkeleg flink! Han fyller munnen med noko grønt noko og gurglar. Det smakar ikkje godt, så han spyttar det ut at. Han lærer aldri. Kvar dag må han smake på gurglevatnet men kvar dag skiftar han meining og spyttar det ut. Du er kjekk. Du er vellykka. Du er smart. Du er best! seier han til speglet før han går ut døra og låser etter seg.

I smellet frå ytterdøra vaknar avskummet som ligg i stoga. Han seier faen og tek siste slurk av spritflaska som ligg på golvet. Han prøver seg på ein grandiosa-stykkje, men finner fort ut at den er dynka i spy etter å ha tatt eit par biter. Æsj, mumler han og tek av seg buksa. Han gidd ikkje reise seg opp ein gong, han berre ligg på golvet og pissar på golvet. Han er svolten, så han tek ein ny bit av pizza-stykkjet han fann på golvet. Dette var rart, tenkjer han. Den har skifta smak. Merkeleg.

Kjernekaren trekk inn den friske haustlufta og smiler. Han er glad, og nå skal han operere hjerner. Dobbelt glad. And I think to myself. What a wonderful day, nynnar han og går innom kiosken på hjørnet for å kjøpe avisa og ein kopp med kolsvart kaffi. Ein kaffi, takk. Takk. På gjensyn.

Avskummet, derimot, ligg enda på golvet og prøver å presse ut ein kabel. Det går ikkje, så han gjev opp. Han bikkar derfor hovudet til sida og kastar opp på golvet, så tek han nok ein bit av pizzastykkjet. Han reiser seg sakte opp og ruslar bort til fjernsynet. Han tørker seg rundt munnen og trykker på på-knappen, som nå er fuktig av det som var på fingrane hans. Fjernsynet virkar ikkje, og avskummet trur han veit kvifor. Det må ha ein samanheng med den store sprekken midt på skjermen, men dette hindrar ikkje han. Han har ein rull med gråteip, så han teiper att sprekken og prøver på nytt. Det virkar ikkje.  Det er berre ein ting å gjere. Han veltar fjernsynet ned på golvet slik at det knuses.

Kjernekaren syng og er glad. Livet går framover og i går kjøpte han ny bil. Ein splitter ny mercedes står i garasja heime og ventar på han, men det han ikkje veit er at avskummet er på tur ut til bilen. Avskummet tek ein stor slurk av vodkaflaska han fant under sofaen og sett seg bak rattet. Han har med seg ei avis slik at han ikkje skal kjede seg under bilturen.

Kjernekaren står på operasjonsbordet og pirker inni hovudet til ein person med nokre knivar. Der ja! No fekk eg orden på denne hjerneskada!  Hurra! Eg er best!
No er han ferdig med arbeidsdagen og no skal han heim og køyre ny bil. Han går på gangfeltet og anar fred og ingen fare.

Nokre hundre meter unda køyrer ein splitter ny mercedes altfor fort på feil side av vegen. Føraren har ikkje setebelte på, og dessutan snakkar han i telefon og les avisa. Han er så full at han trur kjernekaren som er på tur heim er høgresida av vegen, så han tek ein brå sving og meier han rett ned. Han innser at han har tatt feil. Han må slutte å fyllekøyre. Faen ta deg, vodkaflaske! Roper han og kastar flaska ut glaset. Han tenkte ikkje på at ein må rulle ned ruta fyrst, så no har han ei øydelagt rute og ei knust vodkaflaske i fanget.
Han byrjar å grine. Han har bulka den  nye bilen til bror og vore nesevis mot trafikkreglane. Han har vore ein slem gut som må straffast. Ned med ruta. Unnskyld, unge mann. Veit du vegen til fengselet? Eg har vore slem.
 
Det står ein splitter ny mercedes utanfor fengselet. Ein mann står og ropar at han har vore slem og må straffast. Nokre konstablar kjem ut og slår han med batongen og ber han inn som eit potetsekk, og dette er det siste vi ser til han. Han sitt i fengsel den dag i dag.

fredag 12. november 2010

Harsjkåken

Det fins to typer mennesker i verda. Det er dei som står når dei tørker seg, og dei som sitt. Erik og Emil var berre sittetypen, så sånn sett var dei ganske normale. Dei hadde begge kvar sin kåk, men det som var spesielt med desse kåkane var at dei blei brukt til å dyrke cannabis.

Erik og Emil bur i Noreg, og i Noreg er det forbudt å dyrke cannabis. Med andre ord er Erik og Emil kriminelle og fortjener straff. Fengsel må til for å få desse slampelarvane til å kutte ut med kriminalitet. Blir dei satt i fengsel, sluttar dei. Det er definisjonen på eit fengsel.

Men no sitt ikkje Erik og Emil i fengsel, for dei sitt heime i kåkane sine og røyker harsj. Det skal nevnast at dette heller ikkje er lovleg. Men det bryr ikkje dei seg om, for dei er, som sagt, kriminelle. Kriminelle gutar befinn seg enten på horehuset, narkotikabutikken eller heime i kåken, og i kåken røyker dei harsj.

Alle har høyrd om kåkane til Erik og Emil, men da er det spesielt kåken til Erik, for kåken til Erik er sjølve hovudharsjbula. På folkemunne har den fått navnet skya, og navnet kjem av røykskya som kjem ut av munnen når ein røyker narkotikum. Alle viste om skya, og det var her folk kom for å kjøpe narkotika.

Framgangsmåten til Erik og Emil for å ikkje bli tatt, var å vere såpass åpenlyste at politiet trur det er berre tull og tøys. Derfor, viss ein skal ha harsj frå Erik og Emil, må du banke på døra og rope slik at naboane høyrer det: God dag, mine herrar. Eg skulle gjerne kjøpt noko narkotika, helst av den ulovlege typen som er farleg for kropp og sinn. Og då svarar Erik og Emil like høgt: Ja, kom inn! Her har vi narkotika i fleng! prislista heng på veggen, og vi gjev ikkje kreditt.

Nokre av politikonstablane viste om at det foregjekk sal av ulovleg narkotika inni skya, men dei gjorde ikkje noko med det, fordi dei var faste kunder sjølve. God dag, konstabel Ola. Kan vi friste med litt narkotika?
Ja, gjerne! Eg er ikkje typen som seier nei takk til ulovleg narkotika! Men er ikkje du lovens mann? Jo, men lovens lange arm treng og å slappe av med litt narkotika ein gong i blant. Slapp av, eg skal ikkje fortelje det til sjefen. Greit nok! Her har du eit årsforbruk av narkotika. Takk. På gjensyn!

Denne beskjefta gjekk ikkje i lengda, for da Erik og Emil var på platekompaniet for å kjøpe nye reggae-CDar kom politisjefen og ferska dei. Jasså! Reggae? Dette blir nok eit par år i kasjotten, gutar.
Dei hadde ingenting dei skulle sagt. Dei sitt i fengsel den dag i dag.

Armods stad

Året er 2015. Eg sitt på kjøkenet og drikk kaffi. Det er formiddag og eg har fri, så eg er eigentleg ganske glad. Eg seier hurra og tar ein slurk kaffe. Egget ligg i steikepanna og gjer seg klar til å bli lagt på ei brødskive med skinke. Det ringer på døra. Eg åpnar.

På troppa står ein politikonstabel og spør om det er eg som er Trygve. Ja, det stemmer, seier eg. Du har blitt dømt til byarrest i ei veke for skammeleg oppførsel på handelsforeninga i går, roper han og dusjer meg med spytt. Og eg som akkurat hadde dusja..

Byarrest? Kor da? Nermaste by er jo Otta!
Det stemmer. Du skal til Otta.

Verda mi raknar. Eg skal til Otta! NEEEEEEEEEEEEI!! Anywhere but Otta! Eg sett meg på golvet og byrjar å grine. Politikonstabelen skal ikkje få det lett når han øydelegg livet mitt på ein slik måte. Eg ligg slapp som ein potetsekk slik at han får stort besvær med å bere meg inn i politibilen.

Eg sitt i politibilen og gruar meg til eg kjem fram til djevelbyen. Byen der tiggarane et deg om du sovnar på ein benk. Byen der det er livsfarleg å opphalde seg i nærheita av elva fordi den er så tungt forurensa. I framsetet tek konstabelen på seg gassmaske og ber meg om å halde pusten, for no skal vi køyre forbi giftfabrikken.

Han køyrer meg midt inn i byen, kastar meg ut av bilen og køyrer fort vekk. Eg er fortapt. Rundt meg ser eg mørke bygningar omringa av mørk tåke.  Det er mørkt, men det er gatelys som blinkar nå og da så eg kjem meg inn i det nermaste huset. På huset står det Kiwi. Eg er redda! Eg må kjøpe meg noko å ete så eg overlev nauden.

Eg kjøper 2 stk new energy og går fram mot kassa for å betale. Ingen bak kassa. Ein ansatt står eit par meter frå kassa og pratar med ein kamerat, og han bryr seg ikkje om ein stakkar som berre vil kjøpe litt sjokolade. Han ser dumt på meg og ropar på kollegaen hans som står inne på eit rom og bråkar med flasker. Kollegaen kjem ut. Han er skitten og trøtt. Eg får augekontakt med han og blir skremt. Daude auger. Inni er denne karen daud. Han er berre eit skal.

Eg kaster ein mynt på han og spring ut av butikken før han finn ut at han vil drepe meg. Eg overlevde butikken! No må eg prøve å kome meg ut av byen, men det er ikkje lett. På nesten alle sider av byen renn det elver, og desse elvene er fulle av gift. Den er fylt til randen av kjemiske utslipp og den dampar grøn gass av den. Skummelt. Farleg.

Den einaste måten eg kan kome meg vekk er å gø langs fjellsida nordover, men då må eg forbi sagverket, skysstasjonen og festningen. Ingen slepp forbi festningen.

Festningen er den enorme betongtårnet som står i utkanten av byen. Det står felleskjøpet på den, men alle som er frå området veit at dette ikkje er ein kornsilo. Det er ein festning som vil drepe alle som prøver å forlate byen. Inni dette djevelbygget sitt det onde folk og kastar gift på dei som prøver å kome forbi. Der gifta treff bakken døyr alt, så i området rundt festningen er alt svart. Ikkje ein gong bakterier kan leve her.
Eg må snike meg forbi festningen utan at nokon ser meg, men eg kan heller ikkje gå for nerme elva, for da døyr eg av dei giftige avgassane. Eg må og passe meg for lokalbefolkningen, for dei er zombiar og vil gjere alt dei kan for å ete meg. Spesielt hjerna mi. Dei vil ete hjerna mi.

Søppel er denne byen full av, så eg får ein idé. Eg kan kle meg ut som ein haug med søppel, for da vil ingen merke meg. På grunn av alt det radioaktive nedfallet er det meste av søppelet levande uansett, så viss eg greier å kle meg ut som søppel vil eg kome meg vekk.

Midt i byen troner mesterverket av ondskap. Brua. Det går ei bru over byen som er ein skam for alle ingeniørar og arkitektar verda over. Dette er eit mesterverk av ondskap, for denne brua er den styggaste brua som det er mogleg å lage. Den tappar alle i mils omkrets for livslyst, glede og energi,  så eg må passe meg. Eg må kome meg vekk før brua drep meg.

Sjølve byen ligg mellom naturskjønne bratte skråningar, men dei er på dødsleiet. Om ikkje lenge vil og naturen rundt byen døy. Det var ein gong grønt i Otta og, men no er det berre grått. Alt liv er borte, unntatt meg. Den er blotta av alt positivt. Gud har forlatt denne byen.

Eg, derimot, befinn meg inni ei drakt av levande søppel. Eg vandrar gjennom den sjelelause byen og mistar stadig meir håp. Det er brua som gjer det, men sidan eg veit om det kan eg kjempe i mot ondskapen. Eg lar meg ikkje drepe av gift, ondskap og zombiar!

Zombiane som er ute og går tur merkar ikkje at eg ikkje er søppel. Dei berre ser på meg og gryntar mens det renn slim frå augane deira. Nokre av dei sloss. Dei riv av lemmene på kvarandre og eit dei. Dei ser ikkje meg.
Eg snik meg forbi festningen. Stanken er grusom og den grønne tåka er så tett at eg berre kan sjå eit par meter framfor meg. Om eg kjem meg ut frå denne byen skal eg gledeleg feriere i helvete, for der er det i det minste varmt!

Bak meg ligg byen. Grøn tåke ligg overalt i byen som hybelkaninar under senga til ein lat 17-åring. Opp av den grønne tåka stikk grå betongklossar opp. Flate tak. Den monotone siluetten av dens arkitektoniske makkverk. Elva som renn forbi har eit grønsvart vatn med ein konsistens skremmande lik havregraut ser du ikkje gjennom det meterhøge brune skummet som ligg som ei sky over elva.
Men eg er ute av byen! Eit par kilometer utanfor byen kan eg faktisk sjå dagsljoset. Det er godt å sjå att livet. Eg har fått ein lærepenge. Eg skal aldri meir bryte loven, for same kor fristande det var å sykle utan hjelm er det ikkje verdt det. Sykle med hjelm er kanskje litt ubehageleg, men Otta er mykje, mykje verre.

Eg ringer far og han seier han kan hente meg på Dovre. For å kome meg dit må eg over fjellet Jetta, så eg byrjar å bestige dette monsteret av eit fjell. Det eg ikkje tenkjer på er at eg bryt mange fjellreglar, og eg hadde ikkje mykje eg skulle sagt da fjelloppsynsmannen kjem i helikopteret mitt og spør om kvifor eg ikkje har med kart og kompass. Han dømmer meg til byarrest og køyrer meg til Otta i helikopter. Han kastar meg ut utan fallskjerm og eg overlev ikkje.

La dette vere ein åtvaring for dykk som enda ikkje har forstått alvoret med denne byen. I framtida vil dette skje, og det er DIN jobb å forhindre det!

mandag 8. november 2010

Chartertur til helvete - Chartertur til nirvana

Det sitt 100 spente turistar på eit fly og ventar på at dei skal starte. Alle har festa setebeltene og ingen er på do. På intercomen spør flyvertinna om det er ein pilot om bord, for han som eigentleg skulle fly er full. Ladies and gentlemen, may I have your attention, please. The pilot is drunk, is there a sober one on the plane?

Folk ser på kvarandre og byrjar å fatte ugler I mosen. Er det ein spøk? Nei, dei ville ikkje spøke om slikt. Det er heilt sant. Piloten er drita, men heldigvis reiser ein seg opp og går mot cockpiten. Hello, i am a pilot. I can fly the plane. Seier han med sin verste norsk-engelsk. I’ve done it before on my computer. No worries.

Han slepp inn i cockpiten og panikk blant passasjerane er eit faktum. Dei kjem ikkje til å kome seg fram i live, trur dei, og piloten prøver seg på intercomen. Hello, this is the captain speaking. Change of plans, we are not going back to Norway because I’m the pilot and I’d rather fly to Chicago.  Oh, and I almost never crash.

Flyet er no i lufta og mange er urolege. Dei er redde for å døy, og dei tvilar på kor god denne piloten er. Han flyr vinglete slik at flyvertinnene dett overende og søler saft fint kledde passasjerar og han pratar tull på intercomen. The captain wants a beer. I repeat: the captain wants a beer.

Sidan flyvertinnene er underlagt kapteinen må han få det han spør etter, så flyvertinner flyr titt og ofte til cockpiten med alskens rusmiddel. Dette går ut over flyginga til piloten, så det blir berre meir og meir vingling og meir og meir rare forespurnader. This is the captain speaking. Will the stewardesses please bring the polar bears to the cockpit? I like polar bears.

Piloten var utvilsomt full. Edruelige pilotar spør aldri etter isbjørn eller øl, altså er piloten ikkje edruelig. Han er ein alkoholikar, og det skulle bli verre.

Det er 7 timar sidan dei letta, og flyturen til Gardermoen skulle eigentleg berre vare 4 timer. På intercomen syng piloten om gule ubåtar og bankranarar. Flyvertinnene er nervøse og passasjerane er redde. Alle veit at dei kjem til å døy, men ingen tør å si noko, for dei vil helst unngå uro. Nokre ungdommer spøker om at vingen brenn og at piloten har humor, men under humoren vil til og med dei mest hardbarka ungdomskarane heim til mor. Dei drøymer om brødskiver med leverpostei og graut og alt som høyrer heimen til, for alt dei har er ein full pilot og eit fly på veg til Chicago, som forøvrig er ganske langt frå mor.

Piloten, derimot, er rusa på alkohol og ei rekkje andre rusmiddel. Han har det veldig gøy med intercomen og dessutan er det morosamt å fly ein stor jumbojet med narkotika i blodet. Skyene er ikkje skyer men store marshmellows og den blå himmelen er laga av vatn. Alt utanfor flyet er surrealistisk og alle dei blinkande lampane inni cockpiten er morosame, spesielt den store NO FUEL lampa. Piloten ser på den og flirer.

Hello, this is the captain speaking. We have no fuel and I am drugged and drunk, so you may want to help yourselves with the bibles provided In the seats in front of you.
Sjølv trengte han ingen bibel, for han var ikkje religiøs. Hans største ynskje var å døy på ein god måte, og flykrasj er ein god måte å døy på. This is the captain speaking. We are going to die, but do not be afraid. It is a good way to die.

Passasjerane er uenig. Dei vil ikkje døy, og dei meiner alderdom er ein betre måte å døy på, men sidan det ikkje er dei som styrer flyet har dei ikkje noko dei skulle sagt. Dei kjem til å bli lapskaus når flyet treff atlanterhavet og ingen vil overleve, så all filosoferinga dei gjer akkurat no er bortkasta. Eller er den? Piloten er ikkje sikker, men det gjer ikkje noko for han. Han styrter flyet fordi han er spontan, og han er ganske fornøygd med det. Han må vere verdens mest spontante person som flyr eit fly i dauden berre fordi han syns det er gøy.

Havet nermar seg raskt og piloten drikk øl. Det er godt med øl, tenkjer han. Han skal snart døy, men  det gjer han ingen ting. Han har levd eit godt liv. Eit liv utanom det vanlege, så han har ingenting å frykte. Turistane om bord på flyet, derimot, har ikkje levt eit uvanleg liv, så dei føler seg uvel. Dei har meir dei skulle sett, så no kan dei angre på at dei har levd livet så kjedeleg. Dei har berre vore kjedelege og normale heile livet sitt og utsatt det spesielle. Det er ingen vits å utsette å leve som ein bohem viss ein skal døy på veig heim frå ferien.

Ferien var ikkje morosam ein gong. Berre ein heilt vanleg sydentur med flatfyll og stereotypiske folk. Dei har budd på hotell, sola seg på strande og festa. Dei har planlagt alt på førehand, i motsetning til piloten som berre vart med fordi han syns det var random. Random er det som driv piloten og nå er han på veg til å døy. Det er random og styrte eit fly og derfor gjer han det. Passasjerane hyler og piloten gliser. Slik døyr alle på flyet. Dei kjedelege døyr med frykt i tankane og piloten døyr med eit smil om munnen. Kjedelege folk døyr på ein kjedeleg måte.

tirsdag 2. november 2010

Heimen

Else står naken framfor speilet og studerer kroppen sin. Ho kremtar og ropar høgt ut: Eg er sexy! Dette kan ho gjere fordi ho er åleine heime, så ho tek liksågodt og går ut i gangen og dansar medan ho fortsett å fortelje seg sjølv kor utruleg digg ho er. Det musikalske grip tak i Else og ho tek ned ein saksofon frå veggen og byrjer å springe rundt i huset med den.

Ho dansar opp og ned trappa med saksofonen trygt plassert i armane akkurat da far kjem heim frå jobb. Han blir sjokkert og mistar veska si i golvet. Else skvett og mister saksofonen ned tråppa. Dunkidunk dunk donk bling pang.

Far er no sjokkert over 3 ting. Hans dyre saksofon er øydelagt, dottera hans står naken i trappa og han oppdagar og at ho har piercingar. Mange piercingar, også der sola som regel ikkje skin. Else, gå og kle på deg. Vi skal ta ein prat etterpå.

Else går slukøra attende til rommet sitt. Ho skammar seg og ho angrar på at ho oppførte seg slik. Det var upassande. Far skal kunne kome heim etter ein lang dag på kontoret utan å vere redd for å finne dotter si naken i trappa og saksofonen knust på golvet. Ho skal kle på seg og si unnskyld til far og prøve å forklare dei vulgære piercingane. Han vil sannsynlegvis ikkje forstå.

Ja, du Else, du Else… Dette hadde eg ikkje venta meg. Dette er faktisk utrolig pinleg for deg, men du kan trøste deg med at det er ganske pinleg for meg og.
Unnskyld, far.
Åh, du treng ikkje unnskylde! Sjølv spring eg og naken i huset når du er borte, og eg har enda fleire piercingar enn deg der nede. Dessutan hatar eg saksofon.
Kva?!
Ja. Ein i kvar brystvorte og fire på penis, så eg veit korleis det føles. Sjølv blir eg titt og ofte busta av postmannen, jehovas vitne og andre rakkarar som kjem på døra.Du har ingenting å skamme deg over. Sjå her, så skal eg vise deg!

Far kler av seg alle kleda, Else blir redd og spring ut døra og far følger etter. Naken far jagar Else gjennom nabolaget og inn på togstasjonen. Stopp, Else! Eg vil berre vise deg at eg ikkje er ein kjedeleg gammal mann som er redd for å prøve nye ting.

Uheldigvis for far møter han mor og svigerforeldra hans, som naturleg vis også blir sjokkert. Svigerfar får eit hjerteinfarkt og svigermor skvett og dett ned på den straumførande jernbanelinja. Mor, derimot, knyttar neven og gjev far bank. I alt hysteriet oppdagar ingen at Else sett seg på eit tog til utlandet, og dette er siste gong dei såg Else.

mandag 1. november 2010

Livet på akutten

Doktor, eg trur eg er alvorleg sjuk.
Jammen sa du smør! Du er jo verkeleg dødssjuk!
Er det sant?
Ja, du har berre ei veke att å leve.
Kva?! Du tullar..!
Ja, det gjer eg. Eg tullar fordi eg er vittig.
Dette var ikkje morosamt, doktor.
Du vil døy om 4 veker.
Eg trur ikkje på deg.
Det er ikkje mitt problem. Det er ditt. Adjø!
Nei, vent! Kva slags sjukdom har eg fått?
Viss eg sa det, hadde eg sett meg nødt til å drepe deg.
Kven er du?
Navnet er Bond. Jan Bond.
Du er ein bedragar.
Kjem du inn på doktorens kontor og kallar meg ein kvakksalvar? Hadde du ikkje vore dødssjuk skulle eg drepe deg sjølv!
Men kva feiler det meg?
Du har eit skotsor i halsen.
Kor lenge har eg att?
Det kjem an på om eg gidd å reparere deg eller ikkje.
Kva skal til for at du skal reparere meg?
Kva med kona di?
Det kjem ikkje på tale!
Skal ikkje eg få ho, skal heller ikkje du få ho. Du vil døy om nokre minutt. Adjø!
Vent! Du skal få ho!
Godt. Ta denne pilla her morgon og kveld i 14 dager.
Kva er det?
Antibiotika.
Mot eit skotsår?
Eg berre tulla. Du er berre ein infeksjon. Du vil bli frisk som ein fisk før du veit det.
Men kona mi..
Ho tek eg.

søndag 31. oktober 2010

Stygg mann med hale

Roar hadde alltid vore stygg, men no i det siste har det tatt heilt av. Nasen hans er så stor at han brenn seg når han drikk kaffi, og dessutan kan vi finne eit heilt økosystem i dette enorme grevet. Ørane og munnen hans er og unormalt store, og det er resten av kroppen av. Alt som har med Roar å gjere er stort.

Håret hans er ustelt og han luktar tåfis. Han har feite, klamme pølsefingre som er så store at han ikkje kan bruke eit vanleg tastatur lenger. Vommen hans er så stor at han ikkje kjem inn døra heime, så han søv ute. Dette plagar naboane, for når Roar søv snorkar han veldig høgt, og når han søv ute så høyrer alle det. Kvar kveld Roar skal legge seg må han gå nabovarsel på kvar dør og seie at dei må sove med glasa atte i natt.

Dette er pinleg for Roar, og det gjer det ikkje betre at han er albino og ikkje tålar sol. Han har og utvikla hale som igrunn var søt da den var liten, men no er den så stor at han ikkje snu seg utan å slå folk overende med halen. Damene fell ikkje for sjekktrikset der Roar knyt lassoknute på halen og fangar damer.

Kort oppsummert er han ein enorm og stygg person med hale som ikkje tåler sol. Roar er eit troll, og vi veit jo at troll ikkje fins, så det må bety at Roar ikkje fins. Naboane tok dette opp med Roar, men han påsto at han eksisterte, så naboane fant ut at det beste å gjere var å drepe Roar slik at han slutta å eksistere.

Då dei skulle til å avlive Roar kom onkel blå med blåljos og bevæpna tøffingar og stoppa dei. Naboane meinte dei gjorde naturlovane ei teneste ved å avlive det som ikkje fins, men politiet var uenige. Politiet meinte at det var ulovleg å drepe Roar, sjølv om han var skikkeleg stygg. Dei bestemte seg for å sette han i fengsel.

“De kan da ikkje sette meg i fengsel berre fordi eg er stygg!” var reaksjonen frå Roar. Dei høyrde ikkje på han, for dei fleste dei satte i fengsel var ganske stygge. Roar oppførte seg som eit troll og byrja å brøle høgt slik at politikonstablane fekk vondt i øyra sine, men frykt ikkje! Dei har helseforsikring.
Finn fram munnbindet for troll! Ropte den eldste av politibetjentane og den yngste sprang til politibilen og fant fram eit stort munnbind.  Idiot! Det der er munnbind for moskus! ropte den eldste og klaska seg i panna. Roar, derimot benytta sjansen til å rømme.

Akkurat no bur Roar på Dovrefjell. Han har fått mange nye venar og har det bra. Akkurat no er han med i ei konkurranse om å ete graut fort med Espen. Espen meiner at Roar burde kutte opp magesekken sin for å få plass til meir, og Roar er heilt enig. Han tek fram kniven sin og skjer eit fint hol i magen slik at grauten tyt ut som kjøttdeig i ei tacolefse. Det han ikkje tenkte på var at dette ikkje var bra for helsa. Roar føler seg uvel og spring ut for å få litt luft, men sidan han er så stressa tenkjer han ikkje på at det var dag. Roar blir til stein når han kjem ut og der skal han stå til spott og spe i all framtid frå og med i dag.

onsdag 27. oktober 2010

Om å bruke pledd

Eit pledd er til for å helde varmen. Det har vi fått inn med morsmjølka. Men når vi har på oss pledd finn vi ut at det er meir det kan brukast til. Noko av det beste med det er at ingen ser gjennom pleddet, altså kan dei ikkje sjå kva du gjer under pleddet. For alt dei andre veit kan du vere naken og drive med utukt under pleddet utan at nokon merkar det. Det er derfor nokre brukar pledd sjølv om det ikkje er spesielt kaldt. Dei klør.

Andre grunnar er for eksempel den estetiske grunnen. Du ser kul ut med pledd. Folk ser deg og tenkjer at dette er ein klok mann som held varmen med ein slik genial oppfinnelse, medan andre gjennomskuar deg og tenkjer at dette er ein pervers mann som likar å klø seg på snabelen i  nærheita av andre folk.

Vi har altså to hovudgrunnar til å bruke pledd: halde varmen og skjule det som er under. Sitt ein i eit kaldt rom bør ein ha pledd, og viss ein har ureint mjøl i posen bør ein og ha pledd. Dette er viss du skjular ulovlegheitar under pleddet. Heldigvis sjeldan skjer det sistnevnte sjeldan.

Dei aller fleste brukar det til å halde varmen, så du trøng ikkje uroe deg for at andre gjennomskuar deg når du ligg under pleddet og klør deg i buksa. Men hugs på at det fins folk som veit mykje om pledd og som vil skjønne at du driv med intimkløeri som berre høyrer heime på badet eller i eit lukka rom.

Flukten frå byen


Gustav sitt på ein benk ute i parken. Gustav er eigentleg ein grei gut, men i det siste har han vorte ugrei. Han voks opp på landet med gode verdiar og alt som er bra, men han vart vaksen og måtte flytte til byen. Urbanisering, kallar vi dette. Han ser rundt seg og ser berre betong og tykkjer at viss det er dette som er urbant, så er urbant noko drit! Han blir meir og meir sint på det urbane, og til slutt blir han lei. Han vil avurbaniserast med det same.

Det fyrste ein må gjere når ein skal vekk frå ein by, er å skaffe seg gode sko, så Gustav gjekk til skomakaren for å kjøpe seg nye joggesko. Joggesko er gode å gå med, og bur ein på landet må ein finne seg i å gå litt. Han fann seg joggesko av merket adidas han likte, så han gjekk fram til kassa og spurte om han ville bli urban med desse skoa. Jenta bak disken sa ja, og Gustav ropte at da ville han ikkje ha dei.  Eg vil ikkje ha urbane sko, di tøyte! Gje meg skikkelege sko, elles vankar det juling! Frå og med dette var Gustav i krig med det urbane. Han vart kasta ut av skobutikken, så han fann ut at han skulle hoppe over det fyrste steget.

Det andre ein må ha når ein skal vekk frå ein by, er mat. Helst noko skikkeleg ruralt. Kjuke eller fårikål er bra. Og skal ein ha tak i mat må ein til samvirkelaget. Gustav marsjerte taktfast til coop, gjekk målretta fram til kassa og spurte handelsbetjenten om han ikkje hadde noko god landleg mat. Handelsbetjenten beklaga og sa at dei hadde berre urban mat, og spurte om han heller ikkje skulle kjøpe litt meksikansk øl og ein lime. Gustav fann ikkje noko anna råd enn å drepe mannen, så han satte i gang med å lage eit lurveleven. Han ropte og skreik, tok fram kniven og byrja å hytte med den. Handelsbetjenten vart redd og sa at han skulle ringe til onkel blå. Gustav tok til fornuft. Han ville jo ikkje ha ein politikonstabel på nakken.

Gustav måtte hoppe over steg 2 av avurbaniseringsprosessen, og byrja nå å tvile på om han nokon gong ville kome seg vekk frå dette urbane helvetet. Han gjekk tilbake til parken og benken sin.  Han måtte klekke ut ein slagplan som lurte sjølv dei mest rutinerte, urbane byfolk trill rundt. Han bestemte seg for å sette seg på toget.

Han sprang inn på jernbanetorget. Folk såg på han, og han viste at dei ville prøve å ta han. Binde han fast slik at han ikkje fekk reist. Han såg på dei og freste. Ikkje skulle desse usle menneska stoppe han i å kome seg heim! Han var for god til å vere i denne byen. Han skulle heim til mor og ete graut.

Ingen greide å stoppe han og akkurat no sitt Gustav heime hjå mor. Han har bunad på og han drikke heilmjølk. På radio høyrer vi hardingfele og Gustav tek eit par små dansetrinn. Han er ein jævel på hallingdans, og han blir så reve med at han ender opp med å sparke hatten av hovudet til far, som sitt i sin beste bunad, drikk mjølk og et brunost. Far blir irritert og ber Gustav gå ut å leike med elgen.

Sjå for dykk ein gong til kor norsk Gustav er når han ikkje er i byen. Han befinn seg i ein fjord. Han har bunad på, heilmjølk i magen og han rir på elg. Han rir fort og nynnar på hardingfeleslagarar og bryr seg ikkje om alle trolla og isbjørnarne som er overalt. Han er for norsk til å bry seg om troll.

søndag 24. oktober 2010

Ramsalt sjømann

Det sitt ein gammal mann på benken og ser utover havet. Sola skin, men han har ikkje tatt av seg sydvesten eller gummistøvlane. Han pattar på pipa, stryk hånda gjennom skjegget og tenkjer attende på gamle dagar, då han var ung.

Han hadde nett fått seg jobb som dekkgut på eit stort skip som for verda over med tjuvgods. Sjømannslivet er hardt arbeid frå morgon til kveld. Han hadde ikkje stor rang på skipet, så han vart som regel sett til å vaske dekket med sin eigen tannbørst. Det var tider der han meinte sjømannslivet var ein sørgesang, men alt i alt var han strålande fornøgd. Han fekk jo sjå verda.

Han tek opp ei plate med kokesjokolade frå lomma på regnjakka. Han knekk av ein bit og brummar som ein ekte sjømann skal brumme. Eit steinkast unda står nokre ungdommar og kastar stein på havet, og den gamle mannen likar det ikkje. Ungdommen kan versågod finne seg eit skip og vaske dekket reint med tunga si. Dei har det for lett.

Det var ikkje like lett å vere sjømann når skipet låg til kai i Singapore. Då hadde han fri og kunne gå ut på byen og treffe damer. Sjømannslivet var heilt fantastisk heilt til han vakna opp i Singapore utan lommebok eller skip. Han hadde forsove seg og mista båten heim, så han var akterutseilt i Asia. Ikkje viste han korleis han skulle kome seg heim, ikkje hadde han penger og han kjente ingen her.

Slik armod viste ikkje ungdommen som sto og skremte fiskane med sin motbydelige oppførsel noko om. Dei trudde at dei var kome til verda for å ha lukke på ferda. Den gamle mannen spytta på bakken og brumma vidare. Han nynna på gamle sjømannsviser som berre ekte sjømenn kan. Melodiar som handlar om sjø og sånne ting som vanlege folk ikkje veit kva er. Ungdommen, derimot, nynna på nye sangar som berre ungdom kan like.

Da den gamle mannen var ung dekksgutt i Singapore nynna han og på nye sangar.  Han måtte halde humøret oppe, for det var det einaste han hadde.  Han gjekk att og fram i denne enorme byen kun iført underbukse, sidan nokon hadde tatt resten mens han låg og sov i ei grøft. Han skulle ut på byen og treffe damer, men alt han traff var sleipe skurkar som ga han noko valdtektsdop.

Ein strek i rekninga var det han sjølv sa om situasjonen. Ungdommen som nå hadde gått over til å gjere hærverk hadde ikkje strek i sine rekninger. Dei dreiv med tankelaus oppførsel som ikkje gagnar nokon og er pur negativ på alle tenkjelege måter, og det viste dei. Det var derfor dei gjorde det. Ungdommen nå til dags, brumma den gamle mannen og tente nok ein gong pipa.

I Singapore prøvde han å tene nokre slantar så han kom seg heim. Han var sjømann, så han laga seg ei stang og fiska. Fiskar og sjømann er det same, tenkte han den gongen. Han tok feil. Han kunne jo ikkje noko om fisking, for det einaste han kunne noko om var vasking av skipsdekk med sin tannbørste. Men som sjømann kunne han jo skryte av kor stor fisk han fekk, så det var det han gjorde. Verre var det når han skulle selje fisken han ikkje hadde. Han sto ved kjøpmannen og skraut av den store fisken sin, men sidan fisken berre fanst i fantasien til den unge mannen, fekk han ikkje seld den.

Det sitt fortsatt ein gammal mann på benken og ser utover havet. Han røyker pipe og et kokesjokolade. Han er  ein mann med livserfaring, for han har vore sjømann og sett verda. Ikkje langt unda sitt det eit par ungdommar og pratar på språket mandarin. Den gamle mannen er fortsatt akterutseilt i Singapore.

fredag 22. oktober 2010

Djeveldrikken

På nattbordet ditt står ei flaske med brus. Det står at den har ein frisk appelsinsmak og at den sløkkjer tørsten.  Det står solo på etiketten. Du har ei flaske solo på nattbordet. Du burde ha såpass vett at du ikkje sett brusen der, for da drikk du av den før du legg deg, noko som fører til hol i tennane dine. Kvifor i alle dagar gjer du jobben så lett for Karius og Baktus?

Ta kontakt med din tannlege. Spør han om det er ei sunn vane å drikke solo før du legg deg. Tannlegen kjem til å seie at det er ei usunn uvane og at du burde slutte med det. Det viste du jo frå før, men likevel tek du ikkje til fornuft og kvittar deg med djevelens drikk. Kvifor? Jo, fordi du liker å drikke med djevelen. Du er ond!

Det byrjar med eit glas solo med djevelen, så går de begge over til øl, for så å ta litt narkotika saman med djevelen. Kva blir det neste? Denne utviklinga vil gjere deg om til ein jævel om du ikkje stoppar det. Foreldra dine advarte deg mot å bli ond, men du trossar foreldra dine og inngår ei pakt med djevelen. Pakta går ut på å øydelegge verden.

Du slår på stortromma og erobrar mange land. Du har atomvåpen og er ikkje redd for å bruke dei. Du sprenger land, drep folk og gjer dei overlevande like onde som deg sjølv. Du torturerar barn og er ytterst grusom og avskyeleg, men du likar det. Du er ein jævel.

Jorda ligg aude og du har fullført oppdraget ditt. Du er den einaste levande organismen att på kloda, og du feirar det heile med ein solo. Kan vi trekke ein konklusjon ut av dette? Ja, vi kan det. Solo er rota til alt ondt. Vi burde gå til verks med høge skattar på solo slik at ingen har råd til det. Det gjer kanskje litt vondt å slå så hardt ned på soloen, men det er verdt det. Kvar gong du går forbi ei soloflaske, gjer du verda til ein betre plass å vere. Takk for at du ikkje drikk solo. Tusen takk.

tirsdag 19. oktober 2010

Lærepengen

Det var i begravelsen til Ole det heile skjedde. Akkurat i det dei skulle til å senke kista ned i graven, var det nokon som ropte om hjelp. Alle trudde det var presten, men etter litt observasjon konkluderte dei med at lyden kom frå kista. Dei brydde seg ikkje, for dei viste at Ole var død. Hei! Eg er ikkje daud!       Ropte Ole, men presten heva stemma og fortsatte med sitt sludder og pølsevev.Av jord er du kome, til jord skal du bli, ropte presten, for å overdøve Ole, men Ole ga seg ikkje. Han tok til å sparke i kista, klore og frese. Hei, nå hjelp de meg ut elles blir det juling!       

Dei lata som ingenting og gravla han likevel, men innerst inne var dei litt redd for juling. Ingen likar juling, og når ein daud mann i ei kiste truar om juling, er det lov å bli redd. Og kva gjer ein når nokon truar om bank? Jo, du låser deg inn i huset ditt, spikrar att dørar og vindauge. Ekstremistar bygger om huset sitt med stålbeslag på veggane og vollgrav med svolte krokodillar i rundt huset, og dei som var i begravelsen til Ole var ekstremistar. Plutseleg var det 20-30 bunkarar i den lille byen dei alle budde i.

Ole, derimot, låg i kista si og han var sint. Skikkeleg sint. Han var raud i ansiktet og han fresa som ein sint katt, for han var sint. Han var med andre ord forbanna, og den einaste måten ein kan betre humøret er å få hevn. Han skulle fyrst denge alle som var i begravelsen og så skulle han begrave dei levande, for det er slikt som skjer når ein køddar med Ole.

Slektningane til Ole satt i bunkarane sine og surfa på internett. Dei skulle bestille seg ei kanon til å skyte sinte inntrengarar. Det er betre at Ole får ete litt bly enn at dei skal få juling og bli begravd levande. Ole burde forstå at det ikkje var personleg men berre ein prinsippsak.Ein slepp ikkje daude folk ut av kistane sine berre fordi dei ber om det.

Men Ole var ikkje heilt enig med avgjerelsen deira. Ole var jo ikkje daud, og det er lov å sleppe ut levande folk ut av kistene sine. Ole hadde havna der ved ein tilfeldigheit. Han hadde vore på fest og så vakna han i eit mørkt rom til traust orgelmusikk og høgtideleg prestesnakk. Han ignorerte dei og purka vidare, men dei ga seg ikkje. Dei løfta han opp og da skjønte han at han var ille ute. Ein er skikkeleg på kjøret når nokon skal til å grave deg ned.

Resten av historia kjenner de, og akkurat nå ligg Ole i kista si og sender tekstmeldingar til slektningane sine. Halp! Lol! U hav to com dig me up, var meldinga som han sendte til alle i telefonlista si. Han ringte og 112 og sa at han satt fast 2 meter under jorda i ei lukka kiste. Dei sa at han skulle slutte å tulleringe og la på.

Ole høyrer graving over seg og blir riktig glad. Nokon kjem endeleg og reddar han! Hurra! No blir det feiring med kake! Han var ikkje lenger sint på slektningane, han var meir sint på seg sjølv som hadde drukke så mykje som han gjorde. Kista åpnar seg og han ser kameraten sin, Knut. Yo! Hypp på en øl, eller? Spør Knut og glisar. Ole sa ja.

Nok ein gong vaknar Ole med hukommelsestap og forvirring. Han veit ikkje kor han er, men det er varmt. Han reiser seg opp og ser seg rundt. Det er sand overalt og sola står i senit. Faen, tenkjer Ole. Eg er i Sahara.       Han kunne ikkje ha tatt meir feil, for han var faktisk i gobi-ørkenen. Gobi-ørkenen ligg i Asia Asia.                                                                                                                                       

onsdag 13. oktober 2010

Tankar om bæsj og Alexander Rybak

 Nekt ikkje! Alle liker Rybak. Du går rundt og seier at du er lei han, men eigentleg, innerst inne, likar du han, og du må ikkje tru at det gjer deg kul å seie høgt og tydeleg at du ikkje likar han. Folk som sitt på bussen og snakkar dritt om Rybak, får ikkje kred for god musikksmak. Dei blir stempla som tette i pappen, fordomsfulle og drittsekkar utan like.  Eg har ein liten teori om at folk som snakkar dritt om Rybak er misunnelege på at han er berømt og har draget.

Andre ting du kan gjere for at folk skal tykkje mindre om deg, er å uttale deg om kor lite morosamt ordet bæsj er. Sjølv lyden av ordet får små ungar til å flire, og det er eigentleg berre teit at ikkje vaksne flirar av det og. Verda ville vore eit betre sted å vere viss bæsj hadde vore morosamt. Det er ikkje barnsleg å like bæsj, det berre betyr at du ikkje er trongsynt og er ein som følger etter andre. Du er sjølvstendig og tenkjer sjølv om du likar bæsj. Så tenk litt på ordet. Er det ikkje litt morosamt? Jo, det er det! Det er berre vår frie og uavhengige presse som seier at det er barnsleg. Dei tek feil.

Mjølkebart og speedo

Vinteren er på veg og Anders sitt inne på hybelen sin og fyrar med ved. Det er viktig å fyre godt, for elles blir det kaldt, og er det noko Anders ikkje liker, så er det å sitte inne og fryse. Gradestokken viser 30 grader, men det er ikkje varmt nok for Anders. Anders må ha det skikkeleg varmt for å trivas!

Andre villkår som må vere til stades for at Anders skal trivas er god 90-talls pop og god mat. Akkurat nå står Rednex og syng på full guffe medan Anders kokar fårikål og drikk mjølk. Den einaste uvana Anders har er å ikkje tørke seg på leppa etter han drikk mjølk, så han går som regel alltid rundt med mjølkebart. Ein annan ting om Anders er at når det er skikkeleg varmt kler han av seg og spradar rundt med speedo og sokkar til knarne.

Støvsugarselgaren Sigrid går frå hus til hus og selg støvsugarar. Ho har jobba heile dagen og skal  berre ta eitt hus til før ho tek kveld. Ho går opp mot ein litt luguber hybelleiligheit og ringer på. Det står Anders på postkassa, så ho tenkjer som så at det er Anders som bur her. Ho er eigentleg ganske glup, sånn sett. Ho legg merke til detaljar, så du kan tru at ho vart sjokkert når Anders åpnar døra.

Det som møter Sigrid er ein halvnaken mann med mjølkebart og speedo. Han har elendig musikksmak og han fyrar i overkant mykje. Men uansett kor dårleg fyrste inntrykk ho fekk av Anders, spurte ho likevel om han var interessert i å kjøpe ein god støvsugar. Ja, kanskje det? Stig på.

Anders spør Sigrid om ho likar mjølk. Sigrid seier at ho likar mjølk veldig godt og at ho drikk det kvar dag. Anders spør Sigrid om ho har lyst på eit glas iskald heilmjølk og Sigrid takkar ja. Ho er glad for at han spurte, for når det er så varmt, er det godt med litt kald drikke. Ho likar og at han drikk heilmjølk, for det står det respekt av.

Ja, her var det varmt, seier ho. Det er varmare i glohaugen, seier han. Sigrid er enig, for ho veit at det er skikkeleg varmt i glodhaugen. På den andre sida er ho litt skuffa over at Anders ikkje tok hintet. Ho prøver på nytt. Det er skikkeleg varmt her! Men anders tek ikkje hintet. Han seier ein gong til at det er varmare i glohaugen, men at ho gjerne må ta av seg nokre klede viss det er for varmt. Sigrid tør ikkje prøve på nytt, så ho kler av seg genseren.

Sigrid seier at ho er her for å selje støvsugarar. Anders  høyrer ikkje etter. Han svarar at han syns dr Bombay er god musikk og at den gjer han glad. Sigrid seier at ho foretrekk anna musikk, men at ho forstår at det kan gjere han glad. Ho spør om han er interessert i å kjøpe støvsugar. Anders spør om ho vil låne ein speedo i tilfelle det er for varmt. Sigrid takkar høfleg nei, men innerst inne har ho alltid hatt lyst til å sprade rundt i eit varmt hus i speedo. Ho angrar litt på at ho takka nei.

Tek du ikkje på deg denne så vil eg ikkje kjøpe støvsugar!
Hæ?
Tek du ikkje på deg denne så vil eg ikkje kjøpe støvsugar!
Ok. Eg skal ta han på meg.
Du kan godt skifte her.
Eg skiftar på badet
Du skiftar her, elles får du ikkje meir mjølk!
Eg skiftar på badet
Her
Badet
Her
Ok da

Sigrid skiftar til speedo og Anders ser på. Han er imponert over seg sjølv som har greid å få ein støvsugarselgar til å skifte til speedo rett framfor han. Han har gjort det ein gong før, men da var støvsugarselgaren ein mann, så da var det ikkje like stor stas.

Anders ber Sigrid om å ta eit glas mjølk og la vere å tørke av seg mjølkebarten. Han tek berre selgarar med mjølkebart og speedo seriøst. Sigrid syns eigentleg det ikkje er så rart, for ein møter jo mange rare folk når ein jobbar som støvsugarselgar. Ho tek seg ein god slurk mjølk og får ein feit, fin mjøkebart. Ho snur seg mot Anders og seier:

Vil du kjøpe støvsugar?
Kva syns du om dr Bombay?
Eg likar ikkje dr Bombay.
Da vil eg ikkje kjøpe.
Eg meiner at eg liker dr Bombay.
Eg vil kjøpe støvsugar!

Anders står i døra og vinkar hadet til Sigrid. I handa har han ein splitter ny støvsugar.  Han tek seg ein slurk mjølk, tørkar av seg mjølkebarten, luftar hybelen  og skrur på ein annan musikk. Han skiftar til vanlege klede, tek med seg støvsugaren og legg den i kottet. I kottet ligg det 12 andre støvsugarar.